LibreOffice 25.2 Hjelp
Smarte taggar gjev meir informasjon og funksjonalitet til visse ord i eit Writer-dokument. Dei tilgjengelege funksjonane kan variera i dei ulike utvidingane for smarte taggar.
Smarte taggar kan hentast som utvidingar til LibreOffice Writer.
For å installera smarte taggar, gjer du éin av desse:
Lagra fila med filutvidinga *.oxt og dobbeltklikk deretter på *.oxt-fila i filhandsamaren. Alternativt kan du velja i LibreOffice for å opna dialogvindauget «Utvidingar» og der klikka på Legg til og finna fila i lista som kjem opp.
Trykk på ei *.oxt-fillenkje for smarte taggar på ei vevside. Dette krev ein nettlesar med rett oppsett.
All tekst i eit Writer-dokument kan merkjast med ein smart tagg. Som standard er dette ei magentafarga understreking. Du kan endra denne fargen i .
Når du held musa over ein smarttagg, kjem det opp eit tips om at du kan halda nede og klikka for å opna menyen «Smarte taggar». Dersom du ikkje brukar musa, kan du plassera skrivemerket i den merkte teksten og opna sprettoppmenyen med Shift + F10.
I menyen for smarte taggar kan du sjå dei tilgjengelege handlingane som er definerte for denne smarte taggen. Vel ei innstilling frå menyen. Kommandoen opnar sida Smarte taggar i «Verktøy → Innstillingar for autoretting».
Når minst éi Smart Tags-utviding er installert, vil du sjå sida Smarte taggar i dialogvindauget . Bruk dette dialogvindauget for å ta i bruk eller slå av smarte taggar og for å handsama dei installerte smarte taggane.
Tekst som vert kjend att som ein smart tagg vert ikkje automatisk stavekontrollert.